Norsk Ordbog med dansk forklaring # 34723
- Regular
- 19.500 kr
- Sale
- 19.500 kr
- Regular
Sold Out
- Unit Price
- per
Norsk Ordbog med dansk forklaring. Af Ivar Aasen.
Skal ein peika ut eit hovudverk i den store produksjonen til Aasen, stiller Norsk Ordbog med dansk Forklaring sterkt. Dette var ei mykje utvida og omarbeidd utgåve av Ordbog over det norske Folkesprog (1850). Boka har kring 40 000 oppslagsord, det vil seia mest dobbelt så mange som 1850-ordboka. Oppslagsorda var på landsmål og ordforklaringane på dansk som i 1850, men Aasen hadde arbeidd mykje med å gjera forklaringane meir presise og råkande, og oppslagsorda var normerte streng etter landsmålsnormalen han hadde sett opp i Norsk Grammatik (1864).
Siktemålet med boka var å "fremvise det Ordforraad, som er virkelig nedarvet og efterhaanden udviklet iblandt selve Folket". Han ville framstilla det norske språket på ein slik måte at det kunne setjast jamsides "andre Landes Sprog" og bli oppvurdert, både av nordmenn og utlendingar. Aasen tok korkje med framandord, støytande ord eller rare ord, men det han såg på som den sentrale delen av det vanlege ordtilfanget i norsk. Slik vart boka ein grunnstein i målreisingsarbeidet til Aasen.
Aasen tok fatt på ordboka etter at grammatikken var ferdig i 1864, men arbeidet tok mykje lengre tid enn han hadde trudd. Boka kom heftevis frå 1871, og i 1873 var ho ferdig. Denne gongen kom det nokre meldingar i utanlandske tidsskrift. I Noreg vart ho hovudsakleg meld av målfolk, som hadde svært mykje godt å seia om verket. Norsk Ordbog er framleis mykje brukt av språkforskarar og språkinteresserte, og saman med Symra er ho den boka av Aasen som har selt i størst opplag.
(http://www.aasentunet.no)